Akuttmedisin og intensivmedisin - grunnkurs. Uke 2, 2023

Gammel ordning: Obligatorisk for LIS i anestesiologi  (36 timer) - tidligere tittel Anestesiologi Grunnkurs II
Ny ordning: Anbefalt kurs for LIS i anestesiologi

VIKTIG OM OPPTAKSKRITERIER

For å kunna gjera eit mest mogleg rettferdig opptak treng me tilleggsopplysningar. I tillegg til å melda deg på må du klikka deg inn i lenka under og svara på spørsmåla. Elles vil ikkje kurssøknaden bli vurdert.

https://no.surveymonkey.com/r/5SS99MH 

Månader teljande teneste i anestesiologi, intensiverfaring og vaktansvar avgjer opptaket. I kommentarfeltet kan du òg oppgje andre erfaringar du meiner kan spela ei rolle i opptaket.

Kurset tek føre seg initial stabilisering og er ikkje noko avansert intensivmedisinsk kurs; dette kjem seinare i kurspakka.

PÅMELDING

Påmeldingsfrist settes til ca. 6 mnd før kursstart da deltakerne trenger god tid til forberedelser. Det foretas deretter supplerende opptak jevnlig frem mot kursstart, siste opptak foretas ca. 3 mnd før kursstart grunnet behov for forberedelser. Man bør påregne at forberedelsene kan ta ca. 40 timer.

KURSKOMITE

Kursleiarar: Hilde Bakka Lobekk (hildembakka@hotmail.com) og Pål Morten Mellemstrand-Paulsen (palpaulsen@gmail.com).
Johan Ræder er kursleiar for farmakologidelen av kurset (johan.rader@medisin.uio.no)
Øvrige i kurskomiteen: Kristian Strand, Håkon B Abrahamsen, Andreas Vik Jørgensen

LÆRINGSMÅL

Aktuelle læringmål som kurset gir ein grunnleggjande start på er gjengjeve i under. Vidare klinisk praksis og seinare kurs vil byggja vidare på dette kurset for å oppnå desse læringsmåla. Alle læringsmål er tilknyttet Anestesiologi:
001, 006, 010, 011, 012, 013, 022, 023, 028, 029, 034, 035, 038, 039, 048, 052, 053, 054, 055, 059, 084, 092, 096, 097, 135

KURSAVGIFT

8800,- inkludert lunsj (med forbehold om endringer)

ANTALL DELTAKERE

Maks 30. 

ANDRE OPPLYSNINGER

Kurset bør takast tidlegare for dei som alt har intensiverfaring og noko seinare for dei som endå ikkje har dette. Det ventast at deltakarane har frå 6 månader til 2 år med anestesipraksis. Jmfr opptakskriterer (se under).
Kurset tek føre seg initial stabilisering og er ikkje noko avansert
intensivmedisinsk kurs; dette kjem seinare i kurspakka.
- Ein mindre del av kurset omhandlar farmakologi og blir presentert som interaktiv diskusjon og
gruppearbeid. Dette er eit eige kurs i kurset.
- Grunnmuren i kurset byggjer på BASIC (måndag-onsdag).
- Den største delen av kurset er bygd opp av ferdigheitstrening og fullskala simulering som byggjer vidare på det teoretiske fundamentet i BASIC
Kurset har 2 obligatoriske pre-testar:
- Pre-test i farmakologi
- Pre-test i BASIC
- I tillegg kjem seks casebaserte quiz/ kahootar i forkant av kurset. Det er forventa at du les deg opp til desse i forkant. Kvar kahoot er kopla til ein avgrensa del av pensum som me ber deg lesa deg opp på i forkant.

Det er òg viktig at du har gjennomført lokal AHLR-opplæring i forkant av kurset.

Erfaringsmessig tek forarbeidet kring 40 timar. Det er vel investert tid mtp teoretisk eksamen og praktiske øvingane på kurset.

Nokre gruppeoppgåver vil bli sendt ut i forkant av kurset slik at De kan førebu Dykk.
Farmakologi køyrer separat eksamen etter kursslutt. BASIC eksamen blir gjennomført på kurset. Det tilbys kontinuasjonseksamen ved stryk.
For å få godkjent kurset krevst fult oppmøte, gjennomført pretestar, bestått eksamenar og tilfredsstillande totalvurdering under kurset. 

Du må altså delta på heile siste simuleringa fredagen òg, for å få kurset godkjent.

Dei som likevel ikkje kan ta kurset, ber me melda seg av helst innan 8 veker før kursstart slik at evt andre kan få tilbod om plass og tid til forarbeid.

PROGRAM

Før kurset
Seks kahootar spreidd over tid, lokal AHLR-opplæring, pretest BASIC, pretest farmakologi

Måndag
08.00 Skriftleg eksamen BASIC 40 min
08.55 Praktiske opplysingar
08.30 Rotasjon på 6 grupper (30 min) med innlagt pause.
Farmakologi – tre stasjonar, Blodgass, ABC-undersøking/ behandling/ reevaluering, introduksjon til Ultralyd.
11:45 Lunsj
13.55 Rotasjon på 6 grupper (30 min)
Farmakologi – tre stasjonar, Preoksygenering, 2 stasjonar med ABC-undersøking/ behandling/ reevaluering.
17.55 Evaluering
18.00 Slutt.
19.30 Felles kursmiddag

Tysdag
08.00 Kort info
08.05 Læring og Simulering på kurset
08.20 Intro vanskeleg luftveg 
09.00 Rotasjon på ferdigheitsstasjonar (50 min x 7)
Respirator, Ultralyd, Væskulær tilgong, Vanskeleg luftvegsstasjonar x 4.
12.00 Lunsj
12.40 Rotasjon på ferdigheitsstasjonar held fram
16.40 Evaluering
16.50 Slutt

Onsdag
08.00 Startar rett på stasjonar - Rotasjon på 6 stasjonar (35 min)
Respirator, intubasjon av den dårlege pas, traume, elektrolytt, Traume barn og debrief av kliniske hendingar.
11.40 Lunsj
13.05 Rotasjon på 6 stasjonar (35 min)
Respirator, Sirkulasjonssvikt, Traume, transport, Traume barn og Arrytmi.
17.35 Evaluering
17.40 Slutt

Torsdag
08.00 Info
08.05 Kvardagslege utfordringar på anestesiavdelinga
09.00 Simulering i grupper 55 min x 6 scenario.
11.10 Lunsj
16.05 Evaluering og oppsummering
16.20 Slutt

Fredag
08.00 Info
08.05 Dårleg nyfødd
08.40 Simulering i grupper 55 min x 5 samt ein stasjon ferdigheitstrening. Med innlagte pausar
11.55 Lunsj
15.50 Oppsummering og Evaluering.
16.10 Slutt

Praktiske opplysingar om avreise, flybuss og taxi
Avreise frå SAFER (ca 40 min frå Sola Flyplass). Ikkje bestill fly heim frå Sola før med tidlegast avgang kl 1710! Det er simulering fram til 1550 og det krevst oppmøte sjølv på siste simulering for å få godkjent kurs.

Etter kursdagane på SAFER
Posttest farmakologi gjennomførast innan to veker etter endt kurs



Fant du det du lette etter?