I Trondheim har dei kome eit hestehovud lengre med digital patologi enn oss i Vest, og dei har moglegheit til å gjere patologiarbeidet sitt frå heimekontor. Like framt er vi ikkje heilt utan løysingar her nede, og ein handfull patologar sit no på heimekontora sine og utfører diagnostikk. For at dette skal vere mogleg stiller bioingeniørane og LIS-legane våre stoisk opp ved makrobenken på sjukehusa, og rullar opp erma!
Samhandlinga mellom mannskapet på avdelingane og heimekontora går sjølvsagt digitalt. I dette samspelet får vi no ein gratis smakebit på kor viktig utviklinga av ein stabil, solid, og kraftig digital grunnmur vert for digital patologi - ikkje minst på nasjonalt nivå.
Vi ynskjer dykk alle lukke til i desse tider, og vonar de oppdagar mange nye moglegheitsrom i desse underlege tider!
Helsing prosjekt Digital Patologi
Av:
Marius Løbø Fimland