Helse Vest lander skannerkontrakt for Digital patologi

Denne veka kom det blått blekk på kontraktene, som sikrar Ortomedic AS og Inter Instrument AS skannerbestillingar til dei ulike patologiavdelingane i Helse Vest. 

Illustrasjonsfoto, ikkje faktisk løysing.
- Det er det veldige gode samspelet mellom fagmiljøa og oss som har ført til dette resultatet, seier Bjarte Wetteland, avdelingsleiar ved IKT & Bygg/Prosjekt, Sykehusinnkjøp HF, Divisjon vest.

Patologifaget har vore omtala som siste bastion for digitaliseringa for Helse Vest, men etter avtalen med Sectra på programvaresida som landa i haust, og den nye signeringa med leverandørar av hardvarene er porten no å sjå som opna.

- Det å kunne skanne inn snitt er en føresetnad om vi skal kunne gå i drift med ei digital patologiløysning, melder Kristine Bø, prosjektleiar for digital patologi i Helse Vest. Difor var dette ein avgjerande milepæl for oss. Vi er særs nøgd med den anskaffinga som Sjukehusinnkjøp her har gjennomført, under leiing av Ørjan Tunge Lund.

Patolog Friedemann Leh i Helse Bergen HF har sjølv brukt digitale snitt sidan 2015 og ser no fram mot at alle kollegaane skal få bruke dei nye arbeidsverktøya.

- Vi får to typar skanner – ein for mengdeskanning og ein for meir detaljerte spesialskanningar, kan Friedemann Leh fortelle. Leh var med i den siste utveljingsrunden saman med patologar og bioingeniørar frå alle føretaka i Helse Vest.

Gerhard Lund-Furnes frå Helse Vest IKT skildrar rolla deira rolle som ein tilretteleggjar i denne delen av prosessen, der patologar og bioingeniørar utforska dei ulike skannerløysingane.

- Kvar leverandør som var med i konkurransen fekk tilsendt eit likt tal med snitt…

- Så identiske sett som mogleg! skyt Friedemann inn.

- …som dei skanna, og lasta anonymt opp til oss. På den måten vart snitta og skannerane anonyme for dei som skulle vurdere kven som vart vinnaren.

Alle konkurrentane leverte godt nok til å vere aktuelle, men på volumskanneren låg Ortomedic eit steg framfor, med ein skanner Friedemann skildrar som «neste generasjon».

Utgangspunktet er èin spesialskanner til kvar avdeling, èin volumskanner til Helse Fonna og Helse Førde, to til Helse Stavanger, og tre til Helse Bergen – med opsjon for skaffe fleire etter kvart.

- Og ikkje minst får vi skanner no i forkant, som vi kan teste ut og lære oss opp i før heile løysinga vert rulla ut. Det er veldig fint, understrekar Friedemann.

Framleis er det ein del infrastruktur som skal på plass for å sikre effektiv og god drift av den nye, digitale patologiflyten, men Gerhard og gjengen på IKT-sida bidrar til å sikre god framdrift.

- Kvart skanna bilete - ukomprimert - tek mellom tre og fire gigabyte med plass, og ned mot èin komprimert. Når dei ulike patologiavdelingane lagar rundt 500 000 snitt i året skal det derfor ein del serverplass til for å ta i mot alt saman.

Helse Vest IKT ser heldigvis løysingane i horisonten, og Kristine ser med friskt mot på siste etappen før utrulling:

- Saman med dei tilsette på patologiavdelingane går vi no mot ei digital patologikvardag i Helse Vest!