Digital patologi i Helse Vest

Helse Vest har i dag begrensa tilgang til fleire patologar for granskning av histologiske snitt. Framover er det forventa ei auke i rekvisisjonsvolum, samt at kompleksiteten i diagnostiseringsarbeidet vil auke. Det betyr at det må settast i gang tiltak for å sikre heva kvalitet og tilfredsstillande svartider på det diagnostiske arbeidet. 

 
Innføring av Digital patologi vert sett på som eit av verkemidla for å gi heva kvalitet, betre samhandling og effektivitet med diagnostisk arbeid innanfor patologi. Digital patologi blir eit viktig verkemiddel for å møte auka arbeidsmengd og oppretthalding av høg diagnostisk kvalitet i framtida.


Forventa gevinstar
  1. Auka effektivitet gjennom
    • kortare svartid for histologiske patologiprøvar
  2. Auka pasientsikkerheit ved 
    • lik kvalitet på diagnostikk uavhengig av bustad
    • tett kopling mellom DPS (Digitalt patologisystem) og LIMS (Laboratoriesystem) slik at valt kasus blir vist i begge system samtidig
  3. Styrka undervisning gjennom
    • betre grunnlag for undervisning av LIS 
    • meir standardisert undervisning av LIS 
  4. Betre ergonomisk arbeidsmiljø for patologen

Tidsplan, leveransar og milepælar
Prosjekt Digital patologi i Helse Vest fekk godkjent mandatet sitt for oppstart den 27. september 2019, og er delt inn i to fasar for gjennomføring. Første fase, Forberede, er estimert ferdigstilt hausten 2020.


Nokon av dei viktigaste oppgåvene i prosjektet er å:
  • Utarbeide brukarvennleg arbeidsprosess og arbeidsflyt for digital patologi
  • Utarbeide og implementere ein strukturert og standardisert svarrapportering og rekvirering basert på nasjonale føringar
  • Anskaffe skannarar for å understøtte full digitalisering av histologiske snitt (med moglegheit for å vurdere cytologiske snitt)
  • Legge til rette for at nødvendige tilpasninger blir gjord i arbeidsmiljøet av den enkelte avdelinga
  • Utarbeide regional drift og forvaltningsmodell for dei løysingane som prosjektet innfører
  • Bidra i utarbeidinga av forslag til samarbeidsavtale med kostnadsdeling
Fant du det du lette etter?