Anestesiologi Grunnkurs II (høst)

Kurs, 28.10.2019-01.11.2019, Vest

Ny ordning: Anbefalt kurs i anestesiologi (Kurstittel Grunnkurs i akuttmedisin og generell anestesiologi). Se under for læringsmål.
Gammel ordning: Obligatorisk kurs i anestesiologi (38t)

Når og hvor

Dato
28.10.2019-01.11.2019 
Klokkeslett
07:30-15:30
Sted
SAFER, Seehusents gate 1, 4024 Stavanger
 
Arrangør
Regionalt Utdanningssenter Vest
 
Kontaktinformasjon
 
Mer informasjon
Påmelding Påmeldingsfrist 28. april 2019 

Målgruppe

Obligatorisk for legar i spesialisering i anestesiologi. Kurset bør takast tidlegare for dei som alt har intensiverfaring og noko seinare for dei som endå ikkje har dette. Det ventast at deltakarane har frå 6 månader til 2 år med anestesipraksis. Sjå elles opptakskriterer.

Godkjenning

Kurset er godkjent som 38 timers obligatorisk kurs for leger i spesialisering i Anestesiologi i overgangsordningen. I ny spesialistordning er kurset anbefalt i Anestesiologi under ny kurstittel "Grunnkurs i akuttmedisin og generell anestesiologi".

Læringsmål

Kurset er knyta opp til fylgjande læringsmål i ny ordning: Klinisk læringsmål 1, 6, 10, 11, 12, 13, 22, 23, 25, 26, 28, 29, 34, 35, 38, 39, 48, 52, 53, 54, 55, 59, 84, 92, 96, 97, 135. Kurset vil vera ein start på desse læringsmåla, men vidare progresjon ventast gjennom LIS-løpet gjennom seinare kurs og klinisk praksis

AKUTTMEDISIN (2,5 dagar) - Basalfysiologi - Vitale funksjonar - Stabilisering og initial behandling av akutt sjuke og den alvorleg skadde - Resuscitering av nyfødde, barn og vaksne - Avansert luftvegshandtering - Vanskeleg IV tilgong - Kommunikasjon/ CRM - Introduksjon til prehospital medisin
INTENSIVMEDISIN (2 dagar) - Delar som over (basalfysiologi, vital funksjonar, stabilisering og initial behandling) - Innføring i intensivmedisinske prinsipp - Sirkulasjonsstøtte (Inotropi, vasopressor og væskebehandling) - Respirasjonsstøtte inkl basal respiratorbehandling - Etikk – lovgjeving
FARMAKOLOGI (0,5 dag) - Grunnleggjande farmakologi innan tema muskelrelaksantia, sedasjon, barn og akutt medisin

Kurskomite

Pål Morten Mellemstrand-Paulsen (Kursleiar)
Johan C. Ræder
Kristian Strand
Håkon Bjorheim Abrahamsen
Hilde Bakka Lobekk (Kursleiar)

Opptakskriterier

For å kunna gjera eit mest mogleg rettferdig opptak, treng me opplysingar etter fyljande mal:
Me ber deg oppgje teljande månader ansiennitet i anestesiologi ved kursstart inkl evt. sideutdanning og anna teljande teneste. Spesifiser i kommentarfeltet kor mykje av denne tida som er klinisk praksis i anestesiologi. Skriv òg om du ved kursets start har gjennomført Grunnkurs 1. Me treng òg opplysing på om kva intensiverfaring du har: Har du vore rotert på dagtid på intensiv og evt. kor lenge ved kursstart. Går du vakter på intensiv? Er intensivbakvakt heime eller på huset? Månader teljande teneste i anestesiologi og intensiverfaring avgjer opptaket. I kommentarfeltet kan du òg oppgje andre erfaringar du meiner kan spela ei rolle i opptaket.

Kursbevis for AHLR-kurs eller bevis for AHLR pretest kan være inntil 6 mnd gammelt ved kursstart.

Kurslitteratur

• Tilsendt kursbok: Basic Assessment & Support in Intensive Care. Charles Gomersall et al.
• Norsk grunnkurs i avansert hjerte-lungeredning (Norsk resuscitasjonsråd) med fordypningsstoff i AHLR. Denne må bestilles selv https://www.gjenoppliving.no/AHLR og kan bestilles enten i papirform eller som e-bok. Kursbevis for AHLR-kurs eller bevis for AHLR pretest kan være inntil 6 mnd gammelt ved kursstart.
• Farmakologi artiklar vil bli tilsendt.

Kursprøve

• Web-basert pretest i farmakologi
• Web-basert pretest i BASIC
• Web-basert pretest i AHLR
• Posttest BASIC MCQ i etterkant av kurset. Det blir ved behov gjennomført munnleg retest for dei som ikkje står på BASIC MCQ eksamen.
• Web-basert Posttest i farmakologi etterkant av kurset.

Andre opplysninger

Ikkje bestill fly frå Sola tidligare enn 17.10. Det er simulering fram til 15.50 og det krevst oppmøte sjølv på siste simulering for å få godkjent kurs.
Kurset krev ein god del tid til førebuingar. Dei som likevel ikkje kan ta kurset, ber me melda seg av helst innan 6 veker før kursstart slik at evt andre kan få tilbod om plass og tid til forarbeid.
Foreløpig program (med forbehold om endringar).

Kursavgift

8.250,- inkludert lunsj og pauseservering.
Det vil kunne komme endring i pris.

Program

Mandag 28. oktober

Fant du det du lette etter?
Tilbakemeldingen vil ikke bli besvart. Ikke send personlig informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.