Akuttmedisin og intensivmedisin - grunnkurs vår 2020

Kurs, 02.03.2020-06.03.2020, Vest

Gammel ordning: Obligatorisk for leger i spesialisering  (36 timer) - tidligere tittel Anestesiologi Grunnkurs II
Ny ordning: Anbefalt kurs i anestesiologi

Når og hvor

Dato
02.03.2020-06.03.2020 
Klokkeslett
Se program
Sted
SAFER - Stavanger Acute Medicine Foundation for Education and Research. Du finn det i Stavanger sentrum. Adresse: Seehusensgate 1, 4024 Stavanger.
 
Arrangør
Regionalt Utdanningssenter Vest
 
Kontaktinformasjon
 
Mer informasjon
Påmelding Påmeldingsfrist 8. september 2019. NB - Se viktig info om påmelding under "opptakskriterier" 

NB - Se viktig info om påmelding under opptakskriterier!

Kurskomite

Kursleiarar: Hilde Bakka Lobekk (hildembakka@hotmail.com) og Pål Morten Mellemstrand-Paulsen (palpaulsen@gmail.com).
Johan Ræder er kursleiar for farmakologidelen av kurset (johan.rader@medisin.uio.no).
Øvrige i kurskomiteen: Kristian Strand og Håkon B Abrahamsen

Læringsmål

Aktuelle læringmål som kurset gir ein grunnleggjande start på er gjengjeve i under. Vidare klinisk praksis og seinare kurs vil byggja vidare på dette kurset for å oppnå desse læringsmåla. Alle læringsmål er tilknyttet Anestesiologi: 
001, 006, 010, 011, 012, 013, 022, 023, 028, 029, 034, 035, 038, 039, 048, 
052, 053, 054, 055, 059, 084, 092, 096, 097, 135

Kursavgift

8250,- inkludert lunsj

Antall deltakere

Maks 30

Andre opplysninger

Kurset bør takast tidlegare for dei som alt har intensiverfaring og noko seinare for dei som endå ikkje har dette. Det ventast at deltakarane har frå 6 månader til 2 år med anestesipraksis. Jmfr opptakskriterer (se under).

Kurset tek føre seg initial stabilisering og er ikkje noko avansert
intensivmedisinsk kurs; dette kjem seinare i kurspakka.
- Ein mindre del av kurset omhandlar farmakologi og blir presentert som interaktiv diskusjon og
gruppearbeid. Dette er eit eige kurs i kurset.
- Grunnmuren i kurset byggjer på BASIC (måndag-onsdag).
- Den største delen av kurset er bygd opp av ferdigheitstrening og fullskala simulering som byggjer vidare på det teoretiske fundamentet i BASIC
Kurset har 3 obligatoriske pre-testar:
- Pretest i AHLR
- Pre-test i farmakologi
- Pre-test i BASIC:
- Itillegg kjem fleire korte quiz i forkant av kurset.
Nokre gruppeoppgåver vil bli sendt ut i forkant av kurset slik at De kan førebu Dykk.
Farmakologi køyrer separat eksamen etter kursslutt. BASIC eksamen blir gjennomført på kurset. Det tilbys kontinuasjonseksamen ved stryk.
For å få godkjent kurset krevst fult oppmøte, gjennomført pretestar, bestått eksamenar og tilfredsstillande totalvurdering under kurset.
Dei som likevel ikkje kan ta kurset, ber me melda seg av helst innan 8 veker før kursstart slik at evt andre kan få tilbod om plass og tid til forarbeid.

Opptakskriterier

For å kunna gjera eit mest mogleg rettferdig opptak, treng me opplysingar etter fyljande mal:
- Oppgje teljande månader ansiennitet i anestesiologi ved kursstart inkl evt. sideutdanning og anna teljande teneste.
- Oppgje kor mange månader som er klinisk praksis i anestesiologi.
- Kva intensiverfaring du har: Har du vore rotert på dagtid på intensiv og evt. kor lenge ved kursstart.
- Kva vaktansvar på intensiv har du? Går du vakter på intensiv? Er intensivbakvakt heime eller på huset?
Månader teljande teneste i anestesiologi, intensiverfaring og vaktansvar avgjer opptaket. I kommentarfeltet kan du òg oppgje andre erfaringar du meiner kan spela ei rolle i opptaket.
Kurset tek føre seg initial stabilisering og er ikkje noko avansert
intensivmedisinsk kurs; dette kjem seinare i kurspakka.

Program

Måndag
07.15 Registrering
07.30 Skriftleg eksamen BASIC 40 min
08.25 Praktiske opplysingar
08.55 Rotasjon på 6 grupper (30 min) med innlagt pause.
Farmakologi – tre stasjonar, Blodgass, ABC-undersøking/ behandling/ reevaluering, introduksjon til Ultralyd.

11:25 Lunsj

13.20 Rotasjon på 6 grupper (30 min)
Farmakologi – tre stasjonar, Arrytmi, 2 stasjonar med ABC-undersøking/ behandling/ reevaluering.

17.10 Slutt.

19.30 Felles kursmiddag

Tysdag
07.55 Kort info
08.05 Sepsis quiz
08.40 Mekanisk ventilering 2 - quiz
09.15 Intro vanskeleg luftveg
09.55 Rotasjon på ferdigheitsstasjonar (50 min x 7)
Respirator, Ultralyd, Væskulær tilgong, Vanskeleg luftvegsstasjonar x 4.

11.50 Lunsj.

12.30 Rotasjon på ferdigheitsstasjonar held fram
17.10 Evaluering

17.15 Slutt

Onsdag
07.55 Info
08.00 Akutt sjukt barn
08.50 Transport
09.30 Rotasjon på 5 stasjonar(35 min)
Respirator, intubasjon av den dårlege pas, traume, elektrolytt, Traume barn.

11.30 Lunsj

13.45 Rotasjon på 5 stasjonar(35 min)
Respirator, Sirkulasjonssvikt, Traume, transport, Traume barn.
17.10 Evaluering
17.20 Slutt

Torsdag
08.00 Info
08.20 Oliguri & akutt nyresvikt
08.50 Kvardagslege utfordringar på anestesiavdelinga
09.45 Simulering i grupper (55 min x 6). Med innlagte pausar.
11.50 Lunsj
16.45 Evaluering

17.00 Slutt

Fredag
08.00 Info
08.05 Dårleg nyfødd
08.40 Simulering i grupper (55 min x 6). Med innlagte pausar
11.45 Lunsj
15.50 Oppsummering og Evaluering.

16.10 Slutt

Praktiske opplysingar om avreise, flybuss og taxi. Avreise frå SAFER (ca 40 min frå Sola Flyplass). Ikkje bestill fly heim frå Sola før med tidlegast avgang kl 1710! Det er simulering fram til 1550 og det krevst oppmøte sjølv på siste simulering for å få godkjent kurs.

Fant du det du lette etter?
Tilbakemeldingen vil ikke bli besvart. Ikke send personlig informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.